
Favorittbarnebok: Eg er så utruleg glad i bøker, at det å velje ut ei bok er kjempevanskeleg! Favorittbøkene frå eigen barndom er Elsa Beskow sine bøker om dei fargerike tantene, og sjølvsagt Astrid Lindgren sine bøker. Medan venninnene mine slåss om å vere Pippi eller Emil (!), ville eg heller vere Marikken. Pippi var litt for vågal for meg, og Emil var for rampete. Som vaksen har eg framleis Beskow og Lindgren som absolutte favorittar, men dei har fått sterk konkurranse! Boka "Vaffelhjarte", om Trille og Lena, er ei bok eg har lese til ungane mine og 8. klassingane mine, og vi har storkosa oss alle ihop! Eg har vore så heldig å få treffe forfattaren, Maria Parr, ved fleire høve. Ho starta å skrive på boka som ungdomsskuleelev, og gav den ut ti år etterpå. Denne boka vil eg anbefale på det aller varmaste!
Favorittbarnefilm: Ronja Røvardatter har vore ein stor favoritt i familien vår, både for meg og syskena mine då vi var små - og for ungane mine! Men eg kan ikkje kome utanom musikalen "Annie". Eg hugsar godt fyrste gong eg såg den: vi hadde fleire kaniner heime, og det var faktisk vanleg å slakte kaniner og bruke kjøtet til matauk.... Eg var grusom trist då kanina mi Putte måtte bøte med livet. Som plaster på såret skulle eg få vere med mamma og sjå "Annie" på kino. Det var grusomt snøvèr og vi køyrde knallraud Volvo Amazon. Etter filmen, som forøvrig var ei fantastisk oppleving, køyrde vi heim og åt Putte til middag. Det høyrer med til historia at eg faktisk likte kaninkjøt.... Men nok om det! Sidan den gong har "Annie" vore spelt tallause gongar i heimen vår.
Favorittbarnemusikk: Då eg var liten likte eg godt Alf Prøysen og Torbjørn Egner. Ungane mine er også glade i desse klassikarane, men må sjølvsagt utfyllast med noko litt meir moderne. Men CD`ane frå Barnas Supershow er utruleg fengande barnemusikk her i huset.
Favorittferie med familien: Vi var i Tyrkia med heile familien sist sommar. Eg trur aldri eg har opplevd ein meir avslappande, trygg og vellukka ferie enn den. Vi var litt skeptiske p.g.a. av at minstesnuppa akkurat hadde fylt eitt år, men ho takla både varme og flyreise betre enn oss andre! Eg trur likevel at ein ferietur i eige distrikt eller andre stadar i Noreg kan vere akkurat like vellukka. Tenk kor deilig å tilbringe late sommardagar med beina plaskande i vasskanten... Om nokre år vil vi prøve å realisere draumen om å ta med oss alle ungane til New York - det blir spennande!
Favoritt søndagsaktivitet: Å stå opp grytidleg ein søndagsmorgon og sette gjærdeig har vorte ein tradisjon her i huset. Det å benke heile familien rundt kjøkkenbordet og ete ferske rundstykker ein søndagsmorgon er lykke for meg. Elles er søndagane ein dag der vi prøvar å berre vere ilag. Det kan vere innandørs med gode bøker, vilter leik eller sofaen med ein god film - eller turar og aktivitetar utandørs. Vi har heldigvis ungar som ikkje er redde for dårleg vèr (noko som er ein god eigenskap når ein bur på Sunnmøre...), så våre faste setreturar og fjøreturar kan avviklast uansett! Sprakande bål er forresten viktige innslag når ein er på tur.


Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettTove er ei kjekk dame. Kjekt å lese svara frå ho.
SvarSlettHei, Takk for tanker fra en søt mamma:-) Klem Siv
SvarSlett