1. Hva er ditt beste tips for å få en vellykket blogg?
Gode bilete, godt språk og ryddig oppsett er alfa og omega for meg.
Ta ikkje bilete med blitz eller bilete på kveldstid er mitt råd. Vent på dagslys, og bileta vert mykje betre.
Luft i teksten, med avsnitt og mellomrom der det passar er supert. Det er mange som trur at eg skriv på dialekt, men det gjer eg ikkje ;) Eg skriv nynorsk i min blogg. Bloggar skrivne på dialekt, blir stressande å lese tykkjer eg. Med godt språk mener eg at så langt det er mogleg bør ein prøve unngå for mange skrivefeil og orddelingsfeil.
2. Har du noen gang opplevd "blogge-sperre"?
Eg har blogga i over seks år, og det er klart at eg innimellom har vore så lei at eg har vurdert kutte ut heile bloggen. Det viktigaste i slike stunder er å legge bort all dårlig samvittigheit. Ta seg fullstendig fri, og ikkje føle at ein MÅ legge ut innlegg.
For meg hjelper det ofte å surfe på utanlandske hobby og interiørbloggar. Surfe frå den eine til den andre, og suge til seg inspirasjon. Kanskje kjem eg over ein blogg som er "så meg" at eg kjenner bloggemoduset stig fleire hakk allereie der og då.
3. Hva er den største tabben du har gjort i forbindelse med bloggingen?
Tja, eg trur ikkje eg har gjort så mange tabbar. Men eg les ofte gjennom innlegga mine fleire gonger, for eg er redd for å bli misforstått. Eg vil overhodet ikkje oppfattast som skrytete og perfekt.
Ei heller vil eg ha hissige, krasse og sårande kommentarar i kommentarfeltet. Ingenting er meir demotiverande for meg. Ærlege kommentarar er sjølvsagt velkomne, men ondsinna kan eg spare meg for. Likar ein ikkje stilen min og slikt, så er det flust av andre bloggar ein kan boltre seg i.
4. Hvilke type blogginlegg får du mest tilbakemeldinger på?
Generelt får eg flest tilbakemeldingar på innlegg der eg deler litt av meg sjølv. Innlegg der eg kanskje har brukt litt ekstra tid på teksten. Eller om morsomme opplevingar eg har hatt. Eller eg har laga noko mange likar. Eller gjort noko i interiøret mange fell for.
5. Holder du bloggen din hemmelig for familie/venner/kollegaer?
Ja, eg syns rett og slett bloggen er litt pinleg sidan eg i utgangspunktet er sjenert. Eg utleverer så masse av den kreative sida mi, som kollegaer i oljebransjen ikkje aner at eg har. Bloggen er hobby, og ikkje ein del av mitt yrkesaktive liv.
6. Følger du jevnlig med på blogg-statistikken din?
Eg har ei viss peiling på kor mange som er innom kvar dag, men har stort sett ikkje tid til å følge med på det. Det kunne ikkje falle meg inn å oppdatere, relansere innlegg for å ligge på topp i bloggrollane eller skrive sensasjonelle overskrifter berre for å få opp statistikken. Eg vil at dei lesarane som er innom meg, kjem utelukkande fordi dei liker bloggen min som den er.
7. Tips oss om en blogg du liker!
Eg likar veldig godt
Http://husetvedbekken2.blogspot.com
http://lystadsvingen.blogspot.com/
http://kjerstislykke.blogspot.com/



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar