Sidan den gongen eg begynte å scrappe så har også jentene, spesielt eldstejenta, også hatt interesser for dette.

Ho har fått A4 kartong, limt bildene sine på desse og pynta litt rundt. Mellomstejenta har også fått meir lyst til å scrappe etterkvart som at ho har blitt eldre. No når dei har vore små, og scrappa mykje og raskt, så har dei fått scrappe i A4 størrelse. Då kan vi sette sidene dei lager inn i ein vanlig ringperm (gjerne i plastlommer).
Men no når eldstejenta har begynt å bruke meir tid på kvar side ho lager, så har ho no også fått eit større album der ho kan ha større sider (layouter) inni.
I tillegg til at eg framkaller bildene deira innimellom, så pleier eg også å bestille fleire kopier av mine eigne bilder. Desse set jentene inn i albumma sine, og så scrapper dei bildene når dei føler for det.
Sånn såg det ut på stovegolvet vårt i påska. Då hadde jentene og kusina deira fyllt golv (og stovebord) med scrappesaker.
Av og til får dei litt pynt og stæsj frå meg, og ofte har dei fått litt scrapbooking-pynt i adventskalendere og andre gaver som dei har fått. Dei har sine eigne esker og bokser til dette.
Dagen etter tok dei alt med seg ut, og scrappe ute på trappa.
Eldstejenta var heldig og fann eit bord ho kunne scrappe på. Dette bordet bruker vi egentlig inne på hobbyrommet når dei vil scrappe sammen med meg. Då er det kjekt for dei å kunne sitte ved sidan av meg og jobbe og spørre meg om tips.
Eg har også eit anna bord som står der inne, og som var meint til dei... men dette er merkelig nok ofte fyllt med andre ting. Derfor var dette bordet ei god løysing for oss (det kan leggast halvveis sammen når det ikkje er i bruk).
Jentene har òg eit lite bord som står i gangen utanfor hobbyrommet mitt. Her kan dei også sitte og scrappe (eller lese bøker sidan bokhylla deira står ved sidan av).
Dette bildet tok eg i april i fjor. Ho hadde fått lov til å la scrappesakene ligge på stovebordet eit par dager (sammen med mine), og denne morningen hang ho alle opp på stoveveggen. Dette var ein lørdag, så mannen min hadde stått opp med ungane mens eg fekk ligge litt lenger og sove.
Då eg stod opp fekk eg ikkje komme inn i stova heilt med ein gong, eg måtte vente litt for ho holdt på med ein overraskelse. Og då eg fekk komme inn hadde ho laga dette flotte galleriet med layoutene (scrappesider) sine!
Tips til barn og scrapbooking:- Barna kan klippe ut det dei ønsker seg fra leikekataloger og lime dette på eit ark. Det er kjekt for ungane å samle alle favorittane eller ønska sine på ei side, samtidig som at det blir ei ønskeliste og at den er fin å sjå tilbake på om nokre år. Ein kan også gjere dette med td blad fra bokklubben eller andre magasin og blader.
- La dei lage ei side om kva favoritter dei har td av fritidsaktiviteter, kva dei liker å sjå på tv, bøker dei liker, favorittmat, favorittleiker o.l Dei kan skrive om kva dei liker ved venner dei har, søsken eller familie. Kanskje lage ei side om ferien eller bursdagen sin, noko dei har byggd med klosser, noko dei er ekstra glad i eller ei side om kva dei vil bli når dei blir store (finn gjerne bilder i magasin eller på internett)... Mulighetane er mange.
- La dei gjerne ta bilder sjølv, la dei fortelle etterpå kvifor dei tok desse bilda, og så kan du skrive dette på sida deira (viss dei ikkje klarer det sjølv).
- Tips til pynt dei kan bruke på sidene deira: Øydelagt hårpynt og crocspynt, perler (både nabbiperler og vanlige smykkeperler), binders, knapper, postkort, kort dei samler på, klistermerker, brikker fra spel/kortstokk som ikkje lenger er i bruk, la dei få klippe ut eigne figurer fra farga ark eller teikne sjølv. Ein kan òg printe ut mykje fint fra internett (då kan det vere ein fordel å bruke syrefritt papir eller kartong).

Her er ein layout eg har laga der eg prøvde å bruke mest mulig pynt som vi allerede hadde i hus: Smykkeperler, glitterlim, bokstavperler, glansbilder, crocspynt, pynt fra hårstrikk, hårklemme, bånd og eit gammelt leikebil-dekk!
................................................................................................

Trebarnsmamma Linda fra bloggen
Lindas sted er
fast gjeste-skribent her på Foreldremanualen.no. Hun skriver om mammalivet, hverdagslykken, scrapping, hobbyaktiviteter, fotografering, interiør og gir oss mange gode mammatips!