mandag 26. april 2010

Fyrstikker kan brukes til mange ting!

Med fyrstikker så tenker ein gjerne på sånne som ein fyrer opp i ovnen med, eller tenner bål med.

Men eg hugser at eg, då eg var liten, laga hus med fyrstikker. Og då eg kom over denne typen fyrstikker på ein hobbybutikk, så kjøpte eg med meg ein pakke heim til mine små.



Eg tok dei fram ein dag vi alle var heime, og ungane hadde lyst til å lage noko.



Minstemann, på 4, syntest dette var spennande materiale å jobbe med, og han laga ein ved-haug som han leika med etterpå (han er ein liten jobbekar og elsker traktorer og uteliv).



Eg lot dei få prøve seg fram med fyrstikkene og lage det dei sjølve ville, men viste dei kva hus eg pleide å lage med desse fyrstikkene. Og derfor byggde mellomstejenta, på 6, eit flott fyrstikkhus.

Her set ho på plass mennesker utanfor.


Her prøver ho seg fram ved å sette fleire mennesker på rad og rekke, og ho hadde klare meininger om kven desse folka var.

Ein var pappa, ein var mamma, ein var ho sjølv og så blei det representanter for andre venner og familiemedlemmer.



Veninna til eldstejenta kom på besøk og begynte med dette kunstverket (grunnmuren til eit hus?)



Og eldstejenta laga både hus, utehus og Norges flagg.



Dette var ein koselig aktivitet for både små og store. Og neste gong vi tar dei fram så har dei kanskje endå fleire ideer til kva dei kan lage.

................................................................................................



Trebarnsmamma Linda fra bloggen Lindas sted er fast gjeste-skribent her på Foreldremanualen.no. Hun skriver om mammalivet, hverdagslykken, scrapping, hobbyaktiviteter, fotografering, interiør og gir oss mange gode mammatips!

4 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Og så er de kjempefin å lage kongledyr med, fester dem med plastelina:)
    Tonje

    SvarSlett
  3. Hei! Det er ikke sikkert dere tar imot utmerkelser som en "ordinær" blogg???, men jeg ville uansett gi dere en fordi dere fortjener en! Den er postet i dag:)

    SvarSlett
  4. Å, sånne hadde jeg også da jeg var liten! Nesten så jeg fikk lyst til å gå ut en tur for å kjøpe. Husker jeg syntes det var kjempegøy.

    SvarSlett